Om oss

Nedrevåg AS er ein byggmeister- og entreprenørbedrift i Kinsarvik. Her har me kontor, lager, byggevareutsal, Byggtorget Nedrevåg, og eige produksjonslokale for systemforskaling.

Hovudnæringa vår er entreprenør- og byggmeistertenester innan alt av betong- og trearbeid.

Me er totalt 19 tilsette som er fordelt på tømrarar, forskalingssnikkarar, kontor- og lager/produksjonsansatte.

Vårt arbeidsområde er i heile Hardanger regionen.

  • Godkjent lærebedrift
  • Sentralgodkjenning i tiltaksklasse 2
  • To stk Meisterbrev
  • Bygg-teknisk utdanning
  • FFV våtroms godkjent

Historie

Bedrifta vår starta som enkeltmannsforetak i 1987, som byggmeister Inge Nedrevåg. Føretaket tok då på seg tømrar- og mindre betongarbeid.

På 1990 talet- vart det behov for utviding og sidan då har bedrifta auka i eit, til toppåret 2007. Då var me 20 tilsette.

I 2005 vart Bedrifta endra til Nedrevåg AS.